Haualand garden ligg i øvre bygda rett nord for Hogstad. Det meste av Haualand sitt område ligg oppe på bakken, men noko ligg også under bakkekanten, på flaten og myrane attmed Merland.
Gardstunet ligg på 120 meter over havet, med innmarka rundt. Utmarka strekker seg både vestover, opp i fjellskråninga, men også på austsida av tunet nede attmed Merland. Her nede heiter det Heiane og her var det i si tid ein husmannsplass. Haualand skiftar med Skjørestad og Bjelland i nord, Merland i aust og Hogstad i sør.
Kilde tekst og foto: Eivind Smith’s Riska, Gardar og Tettstad