Skjørestad ligg høgast av alle gardane i øvre bygda. Herifrå haller terrenget på nordsida ned mot Riska og sjøen, og på sørsida ned mot Hogstad og Lutsivatnet. Gardstunet på Skjørestad ligg heile 150 meter over havet. Av gardane i bygda er det bare Maudland som ligg høgare. Men om Skjørestad ligg høgt, ligg garden allikevel i ei samanhengande rekke av gardar gjennom bygda, frå sjøen i nord til Lutsi-vassdraget i sør.
Tunet på garden ligg opp mot Skjørestadfjellet med utmarka bak seg oppe i bakkane og fjellskråninga. Framføre tunet tøyer innmarka seg nedover mot Bjelland. Skjørestad grenser til Jødestad i nord, Bjelland i aust, Haualand og Hogstad i sør, og i vest Fjogstad i Høyland og Dale.
Kilde tekst og bilde: Eivind Smith’s Riska, Gardar og Tettstad